Om konsernet | Sæterdal Elektro
Bestill elektrikar

    Leiande leverandør av elektrotenester​

    Vangen Elektriske AS på Voss, Sæterdal Elektro AS på Vaksdal, Pettersson & Gjellesvik i Bergen og Magnus M Thunestvedt med hovudkontor i Bergen og avdelingar på Osterøy og i Øygarden (avdeling Vestgar), utgjer selskapa i Thunestvedt Konsern. Saman er me leiande leverandør av elektrotenester på Vestlandet.

    1. desember 2023 vart Thunestvedt Konsern med tilhøyrande datterselskap ein del av Bravida. Dette gjer oss til den største installasjonsaktøren på Vestlandet, med mål om å bli Best i Vest. 

    Med lokale montørstasjonar strategisk plassert i fylket dekkjer me eit stort område, frå Bergen til Sogn og Hardanger. Det betyr at du som kunde kan forhalde deg til eitt selskap og eitt kontaktpunkt – resten ordnar me.

    Ved hjelp av erfarne tilsette som held kontinuerleg fokus på dei nyaste løysingane innan elektrofaget ynskjer me å vera din føretrekte elektroentreprenør. Me leverer innovative løysingar til gode for deg og di verksemd.

    Nytt oss som din faste servicepartnar eller som totalleverandør ved oppføring av ditt nye anlegg – me leverer som avtalt!

    Våre verdiar

    I Thunestvedt Konsern arbeider me saman for å levera verdi til kundane våre. Me trur sterkt på eit felles sett av verdiar og prøver til ei kvar tid å etterleva desse.

    Pålitelege: Me set pålitelegheit i høgsetet og alle kundane våre skal oppleve dette i kontakt med våre tilsette.

    Handlekraftige: Me er sterke på kompetanse, gjennomføringsevne og handlekraft. Dette set oss i stand til å skapa dei beste tekniske og miljøretta løysingane for oppdragsgjevarane våre.

    Nytenkande: Medarbeidarane våre er meir enn berre teknisk fagpersonell – dei er samarbeidspartnarar som skapar meirverdi og innovasjon for oppdragsgjevarane våre.


    Thunestvedt Konsern – ei god kopling!

    Scroll to Top