Om oss | Sæterdal Elektro
Bestill elektrikar

    Historia om Sæterdal Elektro AS

    Det heile starta i ei lita garasje på Vaksdal. Rune og bilen var åleine i starten og Rune brukte garasjen sin som lager.

    Det vart raskt behov for hjelp. Talet på gode kollegaer har difor vokse jamt og i dag er det 31 tilsette i verksemda. Garasjen vart for liten.

    Difor har verksemda flytta på seg fleire gongar. Fyrst til ei dobbel garasje, deretter til huset på «Duesvingen», vidare til Botnavegen 14, og til sist der verksemda er i dag Brualeitet 28. Lokala ligg ikkje langt frå Vaksdal Senter og er store, funksjonelle lokale med kontor, verkstad og lagerbygg.

    I dag leverer Sæterdal Elektro tenester ikkje berre i Vaksdal, men rundt i heile Hordaland. Sæterdal Elektro er eit datterselskap av Magnus M. Thunestvedt AS. Thunestvedt Konsern består også av dotterselskapa, Vangen Elektriske AS på Voss, Vestgar Elektro AS på Sotra og Pettersson & Gjellesvik i Bergen.

    Verksemda leverer elektrikartenester og eit vidt spekter av spesialkompetanse frå dataanlegg til bygging og drift av kraftstasjonar.

    Sæterdal Elektro vart saman med resten av Thunestvedt Konsern ein del av Bravida 1. desember 2023. Dette gjer oss til den største installasjonsaktøren på Vestlandet, med mål om å bli Best i Vest. 

    24 timar vakttelefon
    Me har teknikarar på vakt heile døgnet. Etter normal opningstid vert sentralbordet kopla mot vakttelefon. 

    Kontakt oss

    Tilsette

    Stillingstittel

    Referansar

    Sjå referanseprosjekta våre

    Bergen Caravan

    Bergen Caravan

    Ladestasjonar på Danmarksplass i Bergen

    Bergen offentlege ladestasjonar

    Boge Kraft

    Boge Kraft

    Foto frå Felleskjøpet på Vaksdal

    Felleskjøpet

    Zaptec ladar for elbil, Geilo

    Garasjeanlegg Geilo sentrum

    Vi har installert infrastruktur klargjort for hele 51 elbilladere i parkeringshuset i Kyrkjevegen på Geilo.
    Helle Panorama

    Hellen Panorama

    Jernbaneverket

    Jernbaneverket

    Sæterdal Elektro, nytt kontorbygg

    Kontorbygg

    Modalen Brannstasjon

    Modalen Brannstasjon

    Norsk grønn kraft

    Norsk Grønnkraft

    Sentral driftskontroll, Vaksdal helse- og omsorgsbygg

    Nytt helse- og omsorgsbygg

    Byggeprosjektet nærmar seg ferdigstilling og skal etter planen vere klart for innreiing og innflytting sommaren 2023. Sæterdal Elektro har ansvaret for all elektroinstallasjon i prosjektet.
    Sivlevegen bustadblokk

    Sivlevegen

    Stamnes oppveksttun

    Stamnes Oppveksttun

    Stanghelle Barnehage

    Stanghelle Barnehage

    Stanghelle Sjøfront

    Stanghelle Sjøfront

    Velkommen til Stanghelle Sjøfront Et nytt ...
    Strømme gård leiligheter

    Strømme gård trinn 1-4, 120 leiligheiter

    Høgt i terrenget ved Knappenfjellet med fantastisk utsikt over Sælenvannet, ligg Strømme Gård.
    Stronde bustadblokk ligg i sjøkanten i vakre Øystese i Kvam herad.

    Stronde bustadblokk

    Stronde bustadblokk ligg heilt i sjøkanten i vakre Øystese i Kvam herad.
    Tunet

    Tunet

    Tveitane barnehage

    Tveitane barnehage

    Fossdalsbakkane bustadblokk

    Vaksdal bustadblokk Walde

    Scroll to Top