Sæterdal Elektro AS

Om oss

«Imponert Næringsminister» skriv Avisa Hordaland i ein artikkel etter ministerbesøket hjå Sæterdal Elektro måndag.
Dagleg leiar Rune Sæterdal med Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Besøk av næringsministeren

Måndag 29. juli fekk Sæterdal Elektro besøk av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. 
«Imponert Næringsminister»
skriv Avisa Hordaland i ein artikkel etter ministerbesøket hjå Sæterdal Elektro måndag.

«Bakgrunn for besøket er regjeringa og ministeren sitt fokus på å få fram gode bedrifter, med eigarar som torer å investera og som skaper arbeidsplassar. Som fem gonger gasellebedrift og med ei jamn, positiv utvikling og imponerande resultat er Sæterdal Elektro ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane i Vaksdal kommune». Avisa Hordaland

«– Våre suksessfaktorar er kompetanse og kvalitet, og å byggja stein på stein, forsikra Sæterdal.» Avisa Hordaland

Representantar for Sæterdal Elektro fortalte kva som har vore nøkkelfaktorar for utviklinga, frå oppstarten i ein garasje til å ha
over 30 tilsette i dag. Torbjørn Røe Isaksen vart mellom anna ­imponert over den låge sjukemeldingsprosenten på 2,3 prosent og det høge antalet lærlingar i bedrifta. Sæterdal presiserte at det er viktig at dei tilsette trivst, og at det sosiale viktig, difor legg dei opp til godt samhald og sosiale tiltak utanfor arbeidet.
Å gje tilbake til lokalsamfunnet med til dømes sponsing er også viktig for verksemda.

Andre tema som vart tatt opp var sjølvsagt ny veg og bane, og useriøse aktørar som har tilgang til å levera elektroarbeid.

Sjå meir i Avsa Hordaland 

  • Nelfo
  • Godkjent for ansvarsrett
  • Energien
  • Miljøfyrtårn
  • SS Kontrollforetak
  • Godkjent lærlingebedrift