/
/
Internkontroll
Internkontroll

Internkontroll er systematiske tiltak som skal sikre at aktivitetar i verksemda vert planlagt, organisert, utført og vedlikehalde i samsvar med krav fastsatt i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga (Internkontrollforskriften).
Jamleg tilsyn og vedlikehald av det elektriske anlegget aukar sannsynlegheiten for kontinuerleg drift. Brann eller straumbrot som fylgje av feil i anlegget, kan få katastrofale fylgjer for ei kvar verksemd som er avhengig av drift.
Alle verksemder skal ha jamnleg periodisk kontroll av det elektriske anlegget basert på risikovurdering. Brann- og naudlysanlegg skal kontrollerast årleg, og kontroll skal kunne dokumenterast.
I Thunestvedt Konsern har me egne montørar som er kursa for formålet.

Brannvarsling:

Pris avhenger av brannvarslingssentral, tal på detektorar, alarmorgan og tilleggseinheiter som direktevarsling til brannvesen, kopling til røykluker, system for adgangskontroll etc. Arbeidet vert utført av teknikar med særleg kompetanse på brannvarsling.

Naudlys:

Pris avhenger av type naudlys-system (sentralisert med batteribackup eller desentralisert) og tal på naudlysarmatur. Arbeidet vert utført av teknikar med særleg kompetanse på naudlys.

Adgangskontroll:

Installasjonen er avhengig av typen adgangskontroll-system og kor mykje som er styrt av systemet. Arbeid vert utført av teknikar med særleg kompetanse på adgangskontrollsystem.

Elektro:

Me har ulike variantar av produkt avhengig av areal og kor mange tavler/sikringsskap som skal kontrollerast. Arbeidet vert utført av teknikar med særleg kompetanse på kontroll av elektriske anlegg.

Termografering:

Pris avhenger av kor mange einheiter (tavler/sikringsskap) som skal kontrollerast. Arbeidet vert utført av teknikar med særleg kompetanse på Termofotografering.

Kontrollar vert utført jamfør intervallet som er fastsatt i avtalen. Kunden vert varsla i god tid, seinast 14 dagar før kontrollen vert utført. Alle kontrollar vert avslutta med rapport som syner avdekka feil og forslag til tiltak for retting av feil.

Rammeavtale kombinert med kontrollavtale gir eit godt og forutsigbart samarbeid for kunden.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Sjå fleire tenester

Elektrotenester

Me utfører alle typar elektrotekniske installasjonar​​

Prosjektering

Me prosjekterer det elektriske anlegget for deg. ​​

Internkontroll

Me set opp system for internkontroll

Ramme- og serviceavtale

Ein rammeavtale løner seg

Brann- og adgangskontroll

Ny installasjon, utviding og feilretting av brannvarslingsanlegg, system for adgangskontroll, naudlysanlegg og innbrotsalarmar

Tavleverkstad

Eigen tavleverkstad

Solcelleanlegg

Me monterer solcelleanlegg

Automasjon

Me gjer kvardagen din enklare!

Varmeanlegg

Me hjelper deg å velgje energisparande oppvarming.

Kraftverk

Kraftverk

Scroll to Top