/
/
Smarthusteknologi
Smarthusteknologi

Me prosjekterer og leverer alt frå enkle rørslestyrte brytarar til komplette løysingar basert på smarthusteknologi for bustadar.

Smarthusløysingar kan tilpassast omtrent alle behov og kan utvidast tilnærma uendeleg.
Smarthusløysingar krev planlegging og programmering for å fungere optimalt.
Smarthusløysingar er fleksibelt. Utan å trekke nye kablar kan anlegget endrast til nye behov.
Sentrale funksjonar er «alt av», «feriemodus» og «panikk-brytarar».
Trådlause brytarar kan nyttast der det er ynskjeleg å styre lys utan å trekkje kablar.
Alt frå enkel igangkøyring til omfattande programmering kan utførast etter ynskje.
Komplett system kan også leverast for å få til eit enkelt styresystem for lys og varme.

Spar straum med Smart bustad
Ved å investere i ein smart bustad kan du spare mykje straum. Er det ikkje behov for varme i eit rom vil det heller ikkje bli satt på varme.

Sikkerheit mot brann er også betydeleg betre ved smart bustadløysing dersom ein set opp brytarar med «Alt av»-funksjon plassert ved utgangsdør for aktivisering av «Ikkje heime»-funksjon. Denne kan slå av alle funksjonar som vil kunne gi branntillaup om ein gløymer å slå dei av. Dette kan til dømes vere: Kaffitraktar, strykejern, steikeomn, kokeplater, etc.

Avhengig av oppvarmingsmetode kan funksjonen også nyttast til å senke temperaturen når ein ikkje er i huset. Vassbåren varme eignar seg ikkje for korte temperaturseinkingar då reguleringshastigheiten er for langsam.

Ved å lese gjennom informasjon frå ulike leverandørar kan ein finne fram til løysinga som passar den enkelte sitt behov og lommebok.

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Sjå fleire tenester

Elektrotenester
Me utfører alle typar elektrotekniske installasjonar​
Lyssetting
Me tilrår bruk av energieffektive produkt og leverer lyssettingssutstyr frå dei fleste store leverandørar.​
Elbil-ladar
Me leverer og monterer ladar til el-bilen din
Smarthusteknologi

Me leverer komplette løysingar innan smarthusteknologi

Varmeanlegg
Me leverer alt innan varme og kjøling​
Scroll to Top